SAMARBEIDSAVTALE MELLOM LYE FORSAMLINGSHUS OG DEN NORSKE KYRKJA
SAMARBEIDSAVTALE MELLOM LYE FORSAMLINGSHUS OG DEN NORSKE KYRKJA
Lye forsamlingshus, ved Lye forsamlingsstyre, og Den norske kyrkja, ved Time sokneråd, og soknepresten i Time, har inngått ein samarbeidsavtale om arbeidet på Lye, knytt til forordna gudstenester på Lye forsamlingshus.
1 Lye forsamlingsstyre og Time sokneråd
1) I fellesskap ønskjer vi å bygge ein kyrkjelyd på Lye, styrke og utvikle det åndelege livet og arbeide for at visjonen for Lye får vekstvilkår. Visjonen lyder slik: «Vi ønskjer at alle på Lye må bli betre kjende med ▇▇▇▇▇ ▇▇▇▇▇▇▇.»
2 Gudstenester
1) Lye forsamlingsstyre har gudstenester som ei av sine prioriterte oppgåver. Gudstenestene vert haldne i samarbeid med soknepresten i Time. Forrettande prest skal som hovudregel tale på gudstenesta.
2) Gudstenestene vert haldne i utgangspunkt annankvar sundag i Lye forsamlingshus i perioden medio august til ultimo juni. Enkelte gudstenester kan leggjast til andre lokale eller vere i friluft.
3) Datoar for gudsteneste vert fastsette i samarbeid mellom avtalepartane etter forslag frå soknepresten.
4) Lye forsamlingsstyre står fritt til å oppnemne gudstenesteutval og undergrupper etter behov, slik at gudstenestene kan gjennomførast og at dei einskilde tenester vert gjort.
5) Lye forsamlingsstyre, gudstenesteutval , undergrupper og enkeltpersonar har stor fridom i høve til liturgisk innhald og form, innanfor dei rammer som ordning for gudsteneste i Den norske kyrkja gir.
6) I samråd med soknepresten i Time og forrettande prest, kan Lye forsamlingsstyre invitera andre talarar til gudsteneste.
7) Det vert halde gudsteneste 17 mai.
3 Soknepresten i Time har spesielt ansvar for Lye.
1) Soknepresten har Lye som eit av sine særlege arbeidsområde.
2) Saman med Lye forsamlingsstyre har soknepresten hovudansvaret for dei fleste gudstenestene og forvaltar sakramenta.
3) Kateketen er ansvarleg for konfirmantarbeidet.
4) Soknepresten er ansvarleg for kyrkjelege handlingar og underlagt Tenesteordning for kyrkjelydsprestar.
5) Soknepresten er fast medlem i Lye forsamlingsstyre, og deltar i anna kyrkjelydsarbeid innan for rammene av tenesteordninga.
4 Anna samarbeid
1) Gjennomføring av trusopplæring kan leggjast til Lye forsamlingshus.
2) Lye forsamlingshus kan brukast til Time diakoniutval sine eldrefestar.
3) Avtalepartane kan til ei kvar tid verta samde om nye konkrete samarbeidstiltak.
5 Dåp og nattverd
1) Sakramenta har ein sjølvsagt plass i gudstenestefeiringa og vert forretta etter Den norske kyrkja si ordning.
6 Tilsette
1) Frå august 2000 vart dei fleste oppgåvene til forsamlingspresten på Lye overført til prest i offentleg stilling. Pr. 1 januar 2010 er det Soknepresten i Time som ivaretar desse oppgåvene.
Ved endring i organisering av prestetenesta og ved nytilsetting av prest med desse oppgåvene har Lye forsamlingstyre uttalerett. Utlysing og tilsetting skjer etter reglane for tilsetting av prest i Den norske kyrkja.
2) Stillingar knytt til Lye forsamlingshus er finansiert av Lye forsamlingsstyre gjennom gjevarteneste. Lye forsamlingsstyre har det økonomiske ansvaret for stillingane. Lye forsamlingsstyre leiar dei tilsette sitt daglege arbeid. Time
kyrkjelege fellesråd tilsett i stillingane dei forsamlingsstyret utpeikar og har arbeidsgjevaransvaret for stillingane.
7 Møterett i Lye forsamlingsstyre og Time sokneråd
1) I saker som gjeld avtalen har partane gjensidig møte- og talerett i styra.
2) Innkalling, saksliste og referat frå møta vert sendt til den andre parten ved styreleiar.
8 Inngåing og varigheit for avtalen
1) Denne avtalen erstattar tidlegare avtalar vedtatt på årsmøte i Lye forsamlingshus 2001, 2005 og 2010.
2) Lye forsamlingsstyre og Time sokneråd forlenger avtalen om samarbeid med dei endringar som kjem fram i teksten.
3) Avtalen gjeld frå januar 2014, med atterhald om godkjenning i årsmøte i Lye forsamlingshus og i Time Sokneråd.
4) Partane forpliktar seg til å evaluera avtalen kvart fjerde år. Konklusjonar, tilrådingar og innstillingar vert lagt fram for årsmøte i Lye forsamlingshus.
5) Avtalen gjeld til ein av partane seier den opp eller ein vert samde om revidering av avtalen. Partane kan seia opp avtalen med 6 månaders oppseiingstid.
Time ………………..
Leiar Lye forsamlingsstyre Leiar Time sokneråd