Avtale – omsetting nytt kvantum konsesjonskraft
Avtale – omsetting nytt kvantum konsesjonskraft
Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding:
Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:
1. Avtale med Sogn og Fjordane Energi AS om omsetting av konsesjonskraft vert godkjent i samsvar med vedlegg 1.
2 Avtalen gjeld frå underskriftsdato.
3 Fylkesrådmannen får fullmakt til å skrive under avtalen.
Uprenta vedlegg:
1. Utkast til avtale med SFE AS
2. Avtale om konsesjonskraftomsetting mellom SFE AS og fylkeskommunen av 19.12.2003.
Saksframstilling 1. SAMANDRAG
Fylkeskommunen vil frå årsskiftet 2006/2007 ta ut eit nytt kvantum konsesjonskraft i storleik 47 GWh. I denne saka vert det lagt opp til at dette kraftvolumet skal omsettast på ein annan måte enn det som ville følgje av gjeldande avtale med SFE AS. Det vert foreslått at krafta vert selt direkte til SFE AS og at fylkeskommunen skal få oppgjer i tråd med prisane i spotmarknaden (Nordpool sin områdepris).
2. BAKGRUNN
Fylkeskommunen har fram til 2006 teke ut konsesjonskraft frå kraftverk i Indre Sogn eigd av staten og andre fylkeskommunar. Kvantum om lag 350 GWh. Heilt sidan desse uttaka kom i stand på 1980- talet, har krafta vorte omsett vidare gjennom SFE AS.
Fylkestinget vedtok 13.12.2005 å utvide uttaket av konsesjonskraft. Nytt kvantum er 47 GWh. Gjennom den føreliggande saka skal fylkeskommunen ta stilling til korleis det nye kraftvolumet skal omsettast.
Dagens ordning for omsetting av konsesjonskraft er i tråd med ein avtale mellom partane av 19.12.2003, og er slik at SFE AS sel krafta vidare i marknaden for fylkeskommunen si rekning og risiko. Oppgjer for dette skjer ved at konsesjonskrafta vert tilordna sin høvesmessige del av selskapet sine inntekter og kostnader i samband med kraftuttak og kraftsal. Alt dette skjer i tråd med forskrift til ▇▇▇▇▇▇▇▇▇▇ sin § 2-5. Oppseiingsreglane i avtalen er slik at kraft som er bunden gjennom avtalar med tredjepart, ikkje kan frigjerast før kontraktsida er ute. Kraft kan på denne måten vere oppbunden inntil 11 år framover.
Fylkeskommunen har i tråd med avtalen høve til å drøfte strategi for kraftomsettinga, men det er selskapet sjølv som til ei kvar tid bestemmer kva handelsregime som skal leggast til grunn for kraftsalet. Det er vanleg at krafta vert selt i marknaden ved kraftkontrakter med varierande lengde og med ulike sikringselement for prisendringar. På denne måten blir konsekvensane av svingingar i marknadsprisane både oppover og nedover avdempa i høve til prisane i marknaden. Dette systemet har som fordel at fylkeskommunen sine inntekter vert relativt stabile frå år til år.
Året 2006 var prega av historisk høge kraftprisar, men med gjeldande handelsregime fekk verken SFE AS eller fylkeskommunen ”fullt utbytte” av denne prisoppgangen på kort sikt. Frå fylkeskommunen si side har det difor vorte drøfta med SFE AS om ein kan legge det nye kvantumet ut for sal på ein anna måte, slik at inntektene vert knytt meir direkte til variasjonane i marknaden.
3. NYE UTTAK FRÅ ÅRSSKIFTET 2006/2007
Fylkestinget gjekk i møte 13.12.2005 inn for at det skal kunne takast ut konsesjonskraft frå industrikraftverk og frå kraftverk eigd av lokale offentlege eigarar. Prosessen for å ta ut aktuell konsesjonskraft i storleik 47 GWh starta ved årsskiftet 2005/2006 og frå årsskiftet 2006/2007 er det formalisert avtalar med aktuelle kraftverkseigar om uttak i Bremanger og Luster.
Eigar | Kraftverk | Kommune | Kvantum, MWh |
Hydro Aluminium | Skagen, ▇▇▇▇▇, ▇▇▇▇▇▇▇▇ | ▇▇▇▇▇▇ | 28 305,6 |
Luster Energi | Sage | Luster | 1 435,9 |
Statkraft | Svelgen 1 og 2 | Bremanger | 7 960,0 |
Elkem | Svelgen 3 og 4 | Bremanger | 9 380,0 |
Sum | 47 081,5 |
4. OMSETTING AV DET NYE KRAFTVOLUMET
SFE AS har pr. 14.02.2007 utarbeidd forslag til avtale mellom selskapet og fylkeskommunen når det gjeld omsetting av det nye konsesjonskraftvolumet.
I den nye avtalen er det sagt at regelverket mellom partane i avtalen frå 19.12.2003 skal gjelde, med unntak av §§ 5.2 og 8.1. Den første av desse regulerer inntekter og kostnader ved konsesjonskraftomsetjinga, slik at dette skjer i tråd med forskrift til Skattelova §§ 2-5-1 og 2-5-
2. Den siste av desse regulerer oppseiing.
Krafta som til ei kvar tid vert teken ut som vist i tabellen, vil bli selt direkte til SFE AS. For dette vil fylkeskommunen få eit oppgjer som er basert på prisane i spotmarknaden til ei kvar tid (Nordpool sin områdepris), minus kostnader som SFE har knytt til uttak av krafta frå produsentane og kostnader i samband med handelen. Fordeling av kostnader skal skje i tråd med avtalen frå 2003.
Evt. oppseiing er direkte regulert i den nye avtalen. Oppseiingstida er eitt år. Foreslått kraftomsetting i høve til skattereglane.
Når det nye kraftvolumet vert selt direkte til SFE AS, er forskrift til skattelova som nemnt ikkje lenger aktuell. Det vil vere regelverket i Skattelova som direkte regulerer skattereglane.
I lova står det:
§ 2.5 Fylkeskommune og kommune
1. Fylkeskommunene har plikt til å svare skatt av
a) inntekt knyttet til produksjon, omsetting, overføring eller distribusjon av vannkraft utover omsettning av konsesjonskraft. ………………..
Dette betyr at ved direkte omsetting av konsesjonskraft, så er fylkeskommunen friteken for skattlegging.
Konklusjon: Sal av konsesjonskraft direkte til SFE AS vil vere i tråd med regelverket i skattelovgjevinga når det gjeld fritak for skattlegging.
Foreslått kraftomsetting i høve til regelverket om offentleg utlysing av tenestekjøp.
Fylkeskommunen har frå før relasjonar til SFE AS både når det gjeld uttak av konsesjonskraft frå kraftverkseigarar og vidare sal i marknaden. Gjennom den nye avtalen vil tidlegare praksis og regleverk for kraftuttak framleis gjelde, men for omsetting av krafta vil det bli ny praksis i tråd med ny avtale. Dette vil kunne skje konfliktfritt i høve til EØS-systemet sine konkurranserettslege reglar.
Konklusjon: Sal av eit kvantum konsesjonskraft direkte til SFE AS i tråd med den nye avtalen er i praksis vidareføring av ein etablert relasjon, og vil ikkje innebere konflikt i høve til konkurranserettslege reglar.
5. KONKLUSJON/TILRÅDING
Det vart for 2007 budsjettert med sal av konsesjonskraft for 50 mill kr inkludert ei forventa inntekt på 10 mill kr frå det nye volumet.
Fylkesrådmannen rår til at det nye volumet vert selt direkte til SFE AS i tråd med den nye avtalen med oppgjer basert på prisane i spotmarknaden. Ein må då vere merksam på at det vil vere knytt større uvisse til om venta resultat vil bli realisert for det nye volumet, enn for fylkeskommunen si øvrige konsesjonskraft.
Tilråding til vedtak:
1. Avtale med Sogn og Fjordane Energi AS om omsetting av konsesjonskraft vert godkjent i samsvar med vedlegg 1.
2 Avtalen gjeld frå underskriftsdato.
3. Fylkesrådmannen får fullmakt til å skrive under avtalen.
