Kontrakt for Meirope bibliotek
Kontrakt for Meirope bibliotek
Velkommen som bruker av det meiropne tilbodet til Surnadal folkebibliotek
Denne kontrakten gir deg over 18 år adgang til biblioteket frå kl. 8.00 til kl. 20.00 kvar dag (nesten) heile året. Alle som går inn må ha signert kontrakt og må logge seg inn. Det er ikkje lov å sleppe inn folk som ikkje er innlogga. Barn kan gå inn med føresette.
Biblioteket er eit offentleg rom og felles eigedom som skal vera til glede og nytte for alle. Du må halde orden i romma, og ta omsyn til dei andre som brukar biblioteket samtidig med deg.
Det meiropne biblioteket bygger på tillit mellom deg og biblioteket.
Også i det meiropne biblioteket må du halde deg til bibliotekets ordensreglar:
Generelt
Alle som besøker Surnadal folkebibliotek skal oppleve at biblioteket er ein god stad å vera. Dette føreset at alle viser alminneleg god folkeskikk.
Rusmiddelbruk
Det er ikkje lov å være synleg påverka av rusmidlar eller bruke rusmidlar på biblioteket.
▇▇▇▇▇ sjenerande oppførsel
Lovbrot, truande eller sjenerande oppførsel (støy, sjikane etc.) er ikkje tillate.
Du er ansvarleg for adgangskortet ditt og korleis det blir bruka.
Denne kontrakten er personleg, og brot på denne kan resultere i inndraging av rett til bruk av meirope bibliotek.
Av omsyn til di sikkerheit og for å verne bibliotekets inventar og utstyr, er biblioteklokalet overvaka av kamera.
Hærverk vil bli meldt til politiet, og du vil bli stilt økonomisk ansvarleg for alt som blir skada. Opphald på meirope bibliotek skjer på eige ansvar.
For å oppgradere lånekortet ditt til adgangskort for Meirope bibliotek må du:
• Ta kontakt med oss for å signere denne kontrakten.
• Ta ansvar for dei du eventuelt tar med deg inn i biblioteket.
• Overhalde det til ei kvar tid gjeldande lånereglement. • Hjelpe oss med å ta vare på biblioteket ditt.
Eg har lese kontrakten og akseptert vilkåra.
Dato: Signatur:
Namn med blokkbokstavar: